380653908_816072703550837_8285357400111317647_n

Kundereferansar og nyheiter

Gjennom åra har me bygd opp ei sterk portefølje med utførte prosjekt. Me er særs stolt av kvart enkelt prosjekt, og den tilliten våre kundar viser oss. 

Under kan du lese nyheiter frå firmaet, og bli kjent med nokre av våre prosjekt innan ulike fagfelt.

Grønare drift med støtte frå fylkeskommunen

Eilert & Edvin Holme AS har fått støtte frå Vestland fylkeskommune til opplæring og tiltak som gjer verksemda meir miljøvenleg. Gjennom ordninga for bedriftsintern opplæring (BIO) har vi fått moglegheit til å investere i kunnskap og teknologi som reduserer miljøavtrykket vårt – utan å gå på kompromiss med kvalitet.

Les mer

Kaupanger Stavkyrkje

Eit ærefullt oppdrag: Me har gitt Kaupanger stavkyrkje nytt vern!

Les mer

Me fusjonerer!

Eilert & Edvin Holme og Hemsedal Malerservice fusjonerer – styrkar satsinga i Hallingdal

Les mer

Oppussing av Velværebassenget til Lustrabadet

Vi har hatt gleda av å restaurere og revitalisere Velværebassenget på Lustrabadet. Renoveringsarbeidet vart igangsatt på grunn av bekymring for lause flisar og strukturelle problem på overflata av bassenga.. For å verne resten av bygget under renoveringsperioden, satt vi raskt opp ein midlertidig vegg for å halde potensielt støv innestengd. Med den beskyttande veggen på plass, retta våre tilsette..

Les mer

ViteMeir - Vitensenteret i Sogn

ViteMeir er eit vitensenter der du kan lære meir om berekraft, energi, klima, teknologi og naturvitenskap.

Les mer

Idrettssenteret Sogndal

Idrettssenteret skin i ny drakt - Vi gratulerer med 25-årsjubileet! I samband med 25-årsjubileumet har idrettssenteret fått ei fullstendig fornying. Det framstår no som flunkande nytt, klart til å ynskje både gamle og nye medlemar velkomne tilbake i fornya og moderne omgjevnader. Dette er eit resultat av hardt arbeid, dedikasjon og framifrå handverk av eit lag beståande av fleire dyktige..

Les mer

Eilert & Edvin Holme, ei av dei eldste bedriftene i Sogn

Målarmeister Eilert & Edvin Holme AS fylte 75 år i 2022, og ser fram til å utvikla bedrifta framover. Familiebedrifta vart etablert i 1947 og er ei av dei eldste bedriftene i Sogn. No er det 3.generasjon som drifter selskapet videre i regi av Eilert B. Holme. "Far min grunnla bedrifta etter krigen. Han byrja i 1947, og så kom eg til verda i 1948", fortel Edvin Holme, far til Eilert B. Holme, som..

Les mer