---
title: Respektfullt handverk i Fortun kyrkje
description: Ei av dei eldste bedriftene i Sogn
image: https://www.eholme.no/hubfs/Fortun5-1.png
---

[![Eilert-and-Edvin-Holme-AS](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/holmehg/Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png?width=324&height=314&name=Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png)](https://www.eholme.no/)

[![Eilert-and-Edvin-Holme-AS](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/holmehg/Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png?width=324&height=314&name=Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png)](https://www.eholme.no/)

- [Tenester](https://www.eholme.no/tjenester)
- [Referansar](https://www.eholme.no/fagblogg)
- [Håndverksgruppen](https://www.eholme.no/no/håndverksgruppen)
- [Avdeling Hallingdal](https://www.eholme.no/avd_hallingdal)
- [Berekraft](https://www.eholme.no/bærekraft)
- [Om oss](https://www.eholme.no/eilert-and-edvin-om-oss)
- [Kontakt oss](https://www.eholme.no/kontakt-oss)

# Respektfullt handverk i Fortun kyrkje

### **Eilert & Edvin Holme AS har nyleg utført omfattande arbeid i Fortun kyrkje i Luster – eit bygg med lang historie og stor betydning for lokalsamfunnet. **

Arbeidet har bestått i å skrape bort gamle lag med måling frå veggar og overflater, slik at kyrkja igjen får fram sitt opphavlege uttrykk. Dei siste månadene har arbeidet gått føre seg inne i kyrkjerommet, der både tilkomst og utføring krev nøye planlegging og riktig utstyr.

For å sikre både framdrift og tryggleik har det blitt nytta lift i arbeidet – ei løysing som gjer det mogleg å arbeide effektivt i høgda, samstundes som ein tek vare på bygget.

 "Det er i utgangspunktet eit enkelt arbeid, men med mange detaljar. Når ein jobbar i slike bygg, er det viktig å vere nøyaktig og ha respekt for både historia og dei som brukar kyrkja", seier **Bartek Swiegoda** i Eilert & Edvin Holme.

 

Fortun kyrkje stod ferdig i 1879, og er no i ein renoveringsprosess, der vårt arbeidet gjekk ut på å forsiktig fjerne gammal måling og slipe ned til reint treverk. Då er kyrkja klar for neste steg; måling.   
Slike prosjekt stiller ekstra krav til fagkunnskap og gjennomføring, og er noko handverkarane våre set stor pris på å få vere ein del av.

"Det er noko spesielt med å jobbe i kyrkjer. Atmosfæren og historia i bygget gjer at ein kjenner på eit ekstra ansvar for å gjere jobben skikkeleg", seier Swiegoda.

Arbeidet nærmar seg no ferdigstilling, og kyrkja kan snart takast i bruk igjen av kyrkjelyden.

Vi takkar for tilliten og er stolte av å få bidra til å ta vare på viktige kulturbygg i regionen.

- ![Fortun1](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/Fortun1.png?width=960&height=540&name=Fortun1.png)
- ![Fortun2](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/Fortun2.png?width=960&height=540&name=Fortun2.png)
- ![Fortun3](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/Fortun3.png?width=960&height=540&name=Fortun3.png)
- ![Fortun4](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/Fortun4.png?width=960&height=540&name=Fortun4.png)
- ![Fortun5](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/Fortun5.png?width=960&height=540&name=Fortun5.png)
- ![Fortun6](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/Fortun6.png?width=960&height=540&name=Fortun6.png)

![Eilert-and-Edvin-Holme-AS](https://www.eholme.no/hs-fs/hubfs/holmehg/Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png?width=324&height=314&name=Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png)

<https://www.facebook.com/profile.php?id=100054443441381> <https://www.instagram.com/eilertogedvinholmeas/>

- Om oss 
    - [Referansar](https://www.eholme.no/fagblogg)
    - [Håndverksgruppen AS](https://www.eholme.no/no/håndverksgruppen)
    - [Berekraft](https://www.eholme.no/bærekraft)
    - [Kontakt oss](https://www.eholme.no/kontakt-oss)
    - [Om oss](https://www.eholme.no/eilert-and-edvin-om-oss)
- [Tenester](https://www.eholme.no/tjenester) 
    - [Måling](https://www.eholme.no/måling)
    - [Golvbelegg](https://www.eholme.no/tjenester/golv)
    - [Avrettingsmasse](https://www.eholme.no/tjenester/golv)
    - [Flis](https://www.eholme.no/tjenester/golv)
    - [Fasadepuss](https://www.eholme.no/tjenester/golv)

### Kontaktinformasjon:

**Postadresse:**   
Mannhellervegen 100,  
6856 Sogndal  
Telefon: 573 33 610

Personvernerklæring

![footer brand](https://25206110.fs1.hubspotusercontent-eu1.net/hub/25206110/hubfs/hg-footer-brand.png?width=240&height=40&name=hg-footer-brand.png)

```json
{
  "@context" : "https://schema.org",
  "@type" : "BlogPosting",
  "author" : {
    "@type" : "Person",
    "name" : "Eilert & Edvin Holme",
    "url" : "https://www.eholme.no/fagblogg/author/eilert-edvin-holme"
  },
  "dateModified" : "2026-05-27T12:03:58.702Z",
  "datePublished" : "2026-05-26T10:54:29.000Z",
  "headline" : "Respektfullt handverk i Fortun kyrkje",
  "image" : [ "https://www.eholme.no/hubfs/Fortun5-1.png" ],
  "mainEntityOfPage" : {
    "@id" : "https://www.eholme.no/fagblogg/fortunkyrkje",
    "@type" : "WebPage"
  },
  "publisher" : {
    "@type" : "Organization",
    "logo" : {
      "@type" : "ImageObject",
      "url" : "https://www.eholme.no/hubfs/holmehg/Eilert-and-Edvin-Holme-AS.png"
    },
    "name" : "Eilert & Edvin Holme AS"
  }
}
```