Fasadejobb hjå Toyota Sogn

Eilert & Edvin Holme AS er stolte av å ha utført fasadepuss med farge hjå Toyota Sogn på Kaupanger – eit selskap som, liksom oss, har røter i regionen og ei sterk lokal tilknyting.

Toyota Sogn vart etablert i 1982 og har sidan den gong vore ein sentral aktør innan bilsalg og verkstadtenester i Sogn. I tillegg til det dei leverer av tenester og produkt, har dei også markert seg som ein viktig støttespelar for idrett og kultur i lokalmiljøet. Det er difor ekstra gledeleg for oss å kunne bidra til utviklinga av ein slik samfunnsengasjert aktør.

Arbeidet vårt har vore ein del av den større moderniseringa Toyota Sogn no har gjennomført. Oppgraderinga som heilheit handlar om å setje kunden meir i sentrum – både visuelt og praktisk. I tillegg til innvendig ombygging har også fasaden fått eit løft, og nettopp her har vi kome inn med vår kompetanse innan puss og overflatebehandling.

Dagleg leiar Eilert er stolt over oppdraget:

"Det betyr mykje å få tillit frå ein aktør som Toyota Sogn, som i likskap med oss har lange røter her i regionen. Dei representerer kvalitet, kontinuitet og samfunnsansvar – verdiar me også står for."

 

Resultatet er ein oppgradert fasade som står i stil med resten av det moderniserte bygget – og som speglar både tradisjon og framtidsretta tenking.

Me takkar for oppdraget og ønskjer Toyota Sogn lykke til med neste kapittel. Det har vore ei glede å få bidra.

 

  • fasade5
  • fasade3-1
  • fasade1
  • fasade4