Golvspliping i historiske Singerheimen

Eit ærefullt oppdrag i Olden.

Eilert & Edvin Holme AS har nyleg hatt gleda av å utføre golvsliping i Singerheimen i Olden – eit heilt spesielt bygg med stor kulturhistorisk verdi. Singerheimen vart oppført i 1921 av kunstnaren William H. Singer Jr. og kona Anna, og er i dag eit freda bygg som blir nytta til eksklusive opplevingar og arrangement.

Å få tillit til å arbeide i eit slikt bygg er noko vi set svært høgt. Når ein jobbar med freda og historiske bygningar, stiller det ekstra krav til fagkunnskap, presisjon og respekt for det opphavlege uttrykket. Alt arbeid må utførast varsamt og med ei forståing for historia som sit i både material og detaljar.

Golvslipinga vart utført av våre dyktige fagfolk Kamil og Bogdan, som har lang erfaring med tilsvarande oppdrag. 

"Eg møter alle oppdrag med same respekt og grundigheit, men det er noko ekstra med å få jobbe i eit bygg som dette. Du kjenner på historia, og då blir det endå viktigare å gjere ting perfekt", seier Kamil.

 

Med tilpassa metodar og stor merksemd på detaljane er golva no fornya på ein måte som tek vare på både materialkvalitet og karakteren i romma.

Vi takkar for tilliten og er stolte over å ha fått vere ein del av arbeidet med å ta vare på eit levande kulturminne som Singerheimen. Slike prosjekt er eit tydeleg kvalitetsstempel – og ei påminning om kor viktig godt handverk er når historia står i veggane.

Besøk gjerne den flotte nettsida til Singerheimen her: singerheimen.no

 

  • Singerheimen1_169
  • Singerheimen2_169
  • Singerheimen3_169
  • Singerheimen4_169
  • Singerheimen5_169
  • Singerheimen6_169