Me fusjonerer!
Eilert & Edvin Holme og Hemsedal Malerservice fusjonerer – styrkar satsinga i Hallingdal
Fusjonen samlar to erfarne handverksbedrifter med sterke lokale røter og ei felles ambisjon om vidare vekst i Hallingdal.
– Hallingdal er eit viktig satsingsområde for oss, og med denne samanslåinga kan vi tilby eit breiare tenestetilbod og auka kapasitet til kundane i regionen. Hemsedal Malerservice har etablert seg godt lokalt, og deira nettverk blir viktig for oss framover. Saman styrkar vi konkurransekrafta og legg eit solid grunnlag for vidare vekst, seier Eilert Brox Holme, dagleg leiar i Eilert & Edvin Holme AS.
Ein styrka plattform for vekst
Fusjonen inneber at Hemsedal Malerservice blir ein del av Eilert & Edvin Holme, men selskapet vil framleis operere under sitt lokale namn og identitet. Samla har dei to selskapa 26 tilsette og ein omsetnad på 34 millionar kroner.
– Samarbeidet gir oss både større fleksibilitet og betre kapasitet til å handtere ulike arbeidsmengder. Vi utfyller kvarandre godt og kan no fokusere på å vidareutvikle tenestene våre og styrke relasjonane til kundane i endå større grad, understrekar Holme.
Arnt Ove Helland, tidlegare dagleg leiar i Hemsedal Malerservice, går inn i rolla som avdelingsleiar. Han ser fram til å bruke meir tid på kundane og ute i prosjekta.
– Denne samanslåinga byggjer på eit allereie godt samarbeid som har gitt oss resultat, både gjennom auka omsetnad og moglegheita til å levere på større oppdrag. Med større kapasitet og administrativ støtte kan eg no fokusere endå meir på relasjonsbygging og oppfølging ute i prosjekta. Eg trur dette vil gi oss eit godt grunnlag for vidare vekst i åra som kjem, seier Helland.
Både Eilert & Edvin Holme og Hemsedal Malerservice er ein del av Håndverksgruppen, og fusjonen styrkar gruppa sitt samla nærvær i regionen.