Grønare drift med støtte frå fylkeskommunen

Eilert & Edvin Holme AS har fått støtte frå Vestland fylkeskommune til opplæring og tiltak som gjer verksemda meir miljøvenleg. Gjennom ordninga for bedriftsintern opplæring (BIO) har vi fått moglegheit til å investere i kunnskap og teknologi som reduserer miljøavtrykket vårt – utan å gå på kompromiss med kvalitet.

 

Frå kompetanse til konkrete tiltak

Støtta har gjort det mogleg for oss å gjennomføre opplæring for dei tilsette i:

  • rett handtering og sortering av avfall

  • miljøkrav og dokumentasjon

  • prinsipp for sirkulær økonomi

Vi har òg teke i bruk ei rensemaskin som rensar vaskevatn for målingsrestar før det går vidare i avløpet – eit tiltak som reduserar utslepp og gjer arbeidskvardagen tryggare for våre tilsette.

 

Berekraft i praksis

Dette er ein viktig del av vår langsiktige strategi for å drive meir berekraftig – både for miljøet, kundane våre og kommande generasjonar handverkarar. Støtta frå fylkeskommunen gjer at me kan styrke både miljøarbeidet og den interne kompetansen vår.

– Å få midlar til å satse grønt i praksis betyr mykje for oss. Vi skal vere ei bedrift som tek ansvar – og dette er eit steg i rett retning, seier dagleg leiar Eilert Brox Holme.

 

På biletet er Bjarte Hovland i god gang med rensemaskina.

 

Bjarte_vaskar