Kaupanger Stavkyrkje
Eit ærefullt oppdrag: Me har gitt Kaupanger stavkyrkje nytt vern!
Kaupanger stavkyrkje er ei av dei eldste og mest verdifulle kyrkjene vi har i Noreg. Då me i Eilert & Edvin Holme AS fekk oppdraget med å vedlikehalde denne nasjonale kulturskatten, tok vi det med stor respekt – og med fagleg presisjon i kvart strøk.
Ei kyrkje med djup historie
Kaupanger stavkyrkje vart truleg bygd kring år 1140, og er med det den nest eldste stavkyrkja i landet – berre Urnes er eldre. Materialet som er brukt i delar av kyrkja vart hogge alt i 1137, noko som gjer bygget til eit heilt unikt kulturminne frå mellomalderen.
Kyrkja har stått som eit symbol på kontinuitet og fellesskap i over 850 år, og er framleis i bruk den dag i dag.
Fagarbeid med respekt for tradisjon
Vedlikehaldsarbeidet som me fekk ansvar for, bestod av børsting og tjøremåling av ytterveggar og tak. Først gjekk me over alle overflater og børsta dei varsamt. Deretter påførte me tjøre ved bruk av ein spesiell og noko faghemmeleg teknikk, utvikla internt gjennom år med erfaring. Resultatet vart eit jamnare og visuelt vakrare resultat enn det tradisjonell tjøremåling gir.
Eit godt fagleg samarbeid
Gjennom prosjektet har vi hatt god støtte frå vår søsterverksemd Malermester Meusburger AS, der Tor Meusburger har vore ein verdifull sparringspartnar. Denne typen samarbeid viser korleis handverkskompetanse og kulturforståing går hand i hand i slike prosjekt.
Handverk som varer
For oss er dette meir enn eit vanleg oppdrag. Å få vere med på å ta vare på ei av under tretti stavkyrkjer i landet, er noko me kjenner oss stolte og audmjuke over. Det handlar ikkje berre om å sikre treverket – men om å bidra til at ei viktig historie blir ståande i mange generasjonar framover.