HG-familien 5 år!
Håndverksgruppen fyller 5 år – og vi feirar med stoltheit!
Eilert & Edvin Holme AS er stolte av å vere ein del av Håndverksgruppen, som 7. juli 2025 – markerae sitt 5-årsjubileum. Sidan starten i 2020 har HG vakse frå 30 norske handverksverksemder til eit sterkt fellesskap av over 160 selskap i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland, med nesten 5 000 tilsette.
Med røter i solide handverkstradisjonar og fokus på kvalitet, miljø og samfunnsansvar, har HG vist at godt samarbeid og lokal forankring kan skape store ringverknader – utan at det går på bekostning av verdiane som bygde oss.
"Det er inspirerande å vere ein del av noko større, og samstundes få vere lokal og nær kundane våre", seier dagleg leiar Eilert Brox Holme.
Me i Holme er stolte av å representere Sogn og Hallingdal i HG-nettverket – og ser fram til mange nye prosjekt, samarbeid og læring på tvers av landegrensene.
Gratulerer med dagen til alle HG-tilsette – og takk til våre kundar og samarbeidspartnarar som gjer dette mogleg.
Saman er vi sterkare – og dette er berre byrjinga!