fagblogg

Respektfullt handverk i Fortun kyrkje

Skrevet av Eilert & Edvin Holme | May 26, 2026 10:54:29 AM

Eilert & Edvin Holme AS har nyleg utført omfattande arbeid i Fortun kyrkje i Luster – eit bygg med lang historie og stor betydning for lokalsamfunnet. 

Arbeidet har bestått i å skrape bort gamle lag med måling frå veggar og overflater, slik at kyrkja igjen får fram sitt opphavlege uttrykk. Dei siste månadene har arbeidet gått føre seg inne i kyrkjerommet, der både tilkomst og utføring krev nøye planlegging og riktig utstyr.

For å sikre både framdrift og tryggleik har det blitt nytta lift i arbeidet – ei løysing som gjer det mogleg å arbeide effektivt i høgda, samstundes som ein tek vare på bygget.

 

Fortun kyrkje stod ferdig i 1879, og er no i ein renoveringsprosess, der vårt arbeidet gjekk ut på å forsiktig fjerne gammal måling og slipe ned til reint treverk. Då er kyrkja klar for neste steg; måling.
Slike prosjekt stiller ekstra krav til fagkunnskap og gjennomføring, og er noko handverkarane våre set stor pris på å få vere ein del av.

"Det er noko spesielt med å jobbe i kyrkjer. Atmosfæren og historia i bygget gjer at ein kjenner på eit ekstra ansvar for å gjere jobben skikkeleg", seier Swiegoda.

Arbeidet nærmar seg no ferdigstilling, og kyrkja kan snart takast i bruk igjen av kyrkjelyden.

Vi takkar for tilliten og er stolte av å få bidra til å ta vare på viktige kulturbygg i regionen.