
Korleis redde verda ei overflate om gangen
Håndverksgruppen har vurdert selskapets berekraftspåverknad gjennom heile verdikjeda, samt vurdert konsekvensane av auka forventingar til berekraft og øvrige megatrender av betydning. Moglegheiter og risiko innan berekraft er deretter rangert etter relevans. Ut frå dette har me identifisert tre område som me ser relevante for oss, men som også er sentrale for våre viktigste interessentar.



VI TEK VARE PÅ KVARANDRE OG ER EIN ATTRAKTIV ARBEIDSPLASS
Me tek ansvar for samfunnet, tilsette og leverandørar.
Dette gjer vi gjennom å stille krav, sørgje for god opplæring og rett fokus i alle ledd, slik at berekraftsmåla nås.
I HG skal me auke talet unge og vaksne med relevant erfaring og utdanning som bidreg til å sikre HG skulen. I tillegg skal vi tilsetje og følgje opp lærlingar (4.4). Gjennom lærlingordningar skal HG bidra til å redusere talet unge utan arbeid (8.6), i tillegg til sikre arbeidsrettar, trygge arbeidsplassar og forhindre svart arbeid (8.8).


ME SKAL SIKRE BEREKRAFTIGE FORBRUKS- OG PRODUKSJONSMØNSTER
Vi skal forstå klimapåverknaden av vår verksemd.
Me har som mål å bli klimanøytrale og promotere sirkulær økonomi, men vi skal ikkje berre vere berekraftige innan miljø og klimapåverknad. Vi skal også vere det i forretningsetiske forhold, ovanfor våre tilsette og generelt sett i eigarstyringa av Håndverksgruppen.
HG skal fremje berekraftige ordningar for offentlege anskaffingar, i samsvar med dei enkelte landas politikk og prioriteringar.


VI STYRER SELSKAPA VÅRE PÅ EIN ANSVARLEG MÅTE
Gråsoner er ikkje akseptable, og me sørgjer for at alle lover og reglar vert fylgde.
Våre tilsette vert lærte opp i etiske retningslinjer, og me har tydelege rutiner for varsling. I tillegg stiller vi like strenge krav til våre leverandørar og samarbeidspartnerar som vi gjer til oss sjølve.
I HG jobbar me for å motvirke svart arbeid, sikre arbeidsrettar og tryggje arbeidsplassar gjennom fokus på HMS, etiske retningslinjer og gode varslingsrutinar.


OPENHEITSLOVA
Vårt arbeid mot menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
Håndverksgruppen er omfatta av "Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold" (openheitslova). Lova skal fremje verksemda si respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, samt sikre allmenta tilgang på informasjon.


OPENHEITSLOVA
Les vår utgreiing
Her på nettsida ligg vår orientering lett tilgjengeleg for alle som ynskjer å lese den. Ved å trykkje på lenka under får du full tilgang til dokumentet. I forklaringa går vi i djupna på risikovurdering, planlagde og gjennomførte tiltak. Den vert oppdatert årleg og elles ved vesentlege endringar i informasjonen som kjem fram her.