Steffen Olsen ny avdelingsleiar i Sogndal

Eilert & Edvin Holme AS har utnemnt Steffen Olsen til ny avdelingsleiar i Sogndal. Han tek over ansvaret for ei avdeling med om lag 23 millionar kroner i årleg omsetning. 

 Steffen har ei lang og solid tilknyting til selskapet. Han starta med sommarjobb, før han gjekk vidare som vaksenlærling. Sidan har han hatt rollene som målar, bas og prosjektleiar – og tek no steget vidare inn i ei sentral leiarrolle. 

 "Dette er ei utvikling vi er særs stolte av. Steffen har vist gjennom mange år at han har både kompetansen og haldningane som skal til ", seier dagleg leiar Eilert.

 

Utnemninga er ein del av ei naturleg utvikling i selskapet, der Eilert framover vil bruke meir tid på vidareutvikling og strategisk arbeid.

Holme har lange tradisjonar i regionen og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette. Historia til Steffen er eit godt døme på korleis ein kan vekse i selskapet over tid – frå første arbeidsdag til leiaransvar.

Med ny avdelingsleiar på plass står avdelinga godt rusta for vidare vekst og utvikling i åra som kjem.