Toyota Sogn vart etablert i 1982 og har sidan den gong vore ein sentral aktør innan bilsalg og verkstadtenester i Sogn. I tillegg til det dei leverer av tenester og produkt, har dei også markert seg som ein viktig støttespelar for idrett og kultur i lokalmiljøet. Det er difor ekstra gledeleg for oss å kunne bidra til utviklinga av ein slik samfunnsengasjert aktør.
Arbeidet vårt har vore ein del av den større moderniseringa Toyota Sogn no har gjennomført. Oppgraderinga som heilheit handlar om å setje kunden meir i sentrum – både visuelt og praktisk. I tillegg til innvendig ombygging har også fasaden fått eit løft, og nettopp her har vi kome inn med vår kompetanse innan puss og overflatebehandling.
Resultatet er ein oppgradert fasade som står i stil med resten av det moderniserte bygget – og som speglar både tradisjon og framtidsretta tenking.
Me takkar for oppdraget og ønskjer Toyota Sogn lykke til med neste kapittel. Det har vore ei glede å få bidra.