fagblogg

Eilert & Edvin Holme, ei av dei eldste bedriftene i Sogn

Skrevet av Eilert & Edvin Holme | Sep 29, 2023 11:13:38 AM

Målarmeister Eilert & Edvin Holme AS fylte 75 år i 2022, og ser fram til å utvikla bedrifta framover. Familiebedrifta vart etablert i 1947 og er ei av dei eldste bedriftene i Sogn. No er det 3.generasjon som drifter selskapet videre i regi av Eilert B. Holme. 

"Far min grunnla bedrifta etter krigen. Han byrja  i 1947, og så kom eg til verda i 1948", fortel Edvin Holme, far til Eilert B. Holme, som idag drifter selskapet.

"Veit du, det er ikkje mange born som har krøke so mykje rundt på golvet som eg har", seier han om kneskada han fekk etter mange års arbeid. No er Edvin pensjonert og kan fortelje at det har skjedd store endringar sidan far hans starta målaryrket for 75 år sidan. "Før var det berre oljebaserte produkt, På vinteren måtte folk fyre i omnen som berre juling for å få målingen til å turke, for det tok lang tid".

Markeringa av 75-årsjubileet i 2022 tok dei på sommaren. Leiinga inviterte alle tilsette og ei rekke samarbeidspartnerar til fjordcruise på Nærøyfjorden. Der vart det servert med god mat og drikke.

"Det var god stemning, og det vart ein fin måte å markera jubileet på. Me var heldige med vêret og folk koste seg. Det er utruleg kjekt å få samla både kundar, samarbeidspartnerar og tilsette", fortel dagleg leiar Eilert Brox Holme.